Luster januar
2015.
Kjære
medkonfirmantar.
Dei 3 damene
i Luster har vakna til liv og då kom me på at det var ynskje om eit
nytt treff etter 5 år.
Tru det eller
ei, no er tida snart ute, så no håpar me at de er klare!
Me har teke
sjefsavgjerd og avsett helga 5. – 7. juni.
Håpar det
passar for dei fleste.
Me tenkjer
oss ei felles utflukt midt på dagen laurdag, men har ikkje bestemt
kvar. Kom med ynskje!!
Kaffisamling
på Ekservollen? I tilfelle regn, omvisning og kaffi i nyoppussa
Markstein? Køyretur og kaffi i Dalsdalen, Mørkridsdalen eller
Fortunsdalen? Køyra til Sanatoriet og gå til utsikten? Dårleg veg,
men det går an å evt. køyra nesten heilt fram.
Andre idear?
Laurdag
kveld vert det samling på Lustrabui som sist. Dersom
nokon vil bidra med underhaldning av eit eller anna slag, er det
kjempefint!
I fyrste
omgang vil me gjerne veta kven som kan og vil, så får me jobba
vidare med saka.
Dette kjem
fram til dykk som vanleg brev, då me ikkje har så mange
e-postadresser, og nokre av dei me har er jobbadresser som truleg
ikkje gjeld lenger. Det er likevel fint om de vil svara med e-post,
då slepp me arbeid og utgifter med brev.
Me
ynskjer oss eit førebels svar innan
01.02.15. Like
greit å hoppa i det!
Beste helsing
Astrid, Tordis og Mia.
Astrid:
astrid.martinsen@gmail.com
Tordis:
tordlang@online.no
Mia:
s-soevd@online.no