onsdag 7. januar 2015



Luster januar 2015.

Kjære medkonfirmantar.

Dei 3 damene i Luster har vakna til liv og då kom me på at det var ynskje om eit nytt treff etter 5 år.
Tru det eller ei, no er tida snart ute, så no håpar me at de er klare!

Me har teke sjefsavgjerd og avsett helga 5. – 7. juni.
Håpar det passar for dei fleste.

Me tenkjer oss ei felles utflukt midt på dagen laurdag, men har ikkje bestemt kvar. Kom med ynskje!!
Kaffisamling på Ekservollen? I tilfelle regn, omvisning og kaffi i nyoppussa Markstein? Køyretur og kaffi i Dalsdalen, Mørkridsdalen eller Fortunsdalen? Køyra til Sanatoriet og gå til utsikten? Dårleg veg, men det går an å evt. køyra nesten heilt fram.
Andre idear?

Laurdag kveld vert det samling på Lustrabui som sist. Dersom nokon vil bidra med underhaldning av eit eller anna slag, er det kjempefint!

I fyrste omgang vil me gjerne veta kven som kan og vil, så får me jobba vidare med saka.
Dette kjem fram til dykk som vanleg brev, då me ikkje har så mange e-postadresser, og nokre av dei me har er jobbadresser som truleg ikkje gjeld lenger. Det er likevel fint om de vil svara med e-post, då slepp me arbeid og utgifter med brev.

Me ynskjer oss eit førebels svar innan 01.02.15. Like greit å hoppa i det!


Beste helsing Astrid, Tordis og Mia.