onsdag 7. januar 2015



Luster januar 2015.

Kjære medkonfirmantar.

Dei 3 damene i Luster har vakna til liv og då kom me på at det var ynskje om eit nytt treff etter 5 år.
Tru det eller ei, no er tida snart ute, så no håpar me at de er klare!

Me har teke sjefsavgjerd og avsett helga 5. – 7. juni.
Håpar det passar for dei fleste.

Me tenkjer oss ei felles utflukt midt på dagen laurdag, men har ikkje bestemt kvar. Kom med ynskje!!
Kaffisamling på Ekservollen? I tilfelle regn, omvisning og kaffi i nyoppussa Markstein? Køyretur og kaffi i Dalsdalen, Mørkridsdalen eller Fortunsdalen? Køyra til Sanatoriet og gå til utsikten? Dårleg veg, men det går an å evt. køyra nesten heilt fram.
Andre idear?

Laurdag kveld vert det samling på Lustrabui som sist. Dersom nokon vil bidra med underhaldning av eit eller anna slag, er det kjempefint!

I fyrste omgang vil me gjerne veta kven som kan og vil, så får me jobba vidare med saka.
Dette kjem fram til dykk som vanleg brev, då me ikkje har så mange e-postadresser, og nokre av dei me har er jobbadresser som truleg ikkje gjeld lenger. Det er likevel fint om de vil svara med e-post, då slepp me arbeid og utgifter med brev.

Me ynskjer oss eit førebels svar innan 01.02.15. Like greit å hoppa i det!


Beste helsing Astrid, Tordis og Mia.









fredag 13. juli 2012

Koselig besøk av Svanaug Sørheim Nilsen

Fredag den 13 juli 2012 hadde me besøk av Svanaug ei av Gullkonfirmantane i 2010
Svanaug bur i

søndag 30. mai 2010

Me minnast dei av oss Gullkonfirmantar som gjekk så alt for tidleg bort.

Så var alle rekningar betalte og reknskapen oppgjord. Og me gjekk med overskot, heile Kr.780 Komiteen har komme med føljande avgjerd: Me vil minnast dei av oss gullkonfirmantar som er gått så alt for tidlig bort, ein blomsterbukett med helsing frå konfirmanttreffet vil bli sett på kvart gravminne.

tirsdag 18. mai 2010

Konfirmanttreffet 2010

Det vil no verta lagt ut bilder frå Gulkonfirmanttreffet,dette tek litt tid men i løpet av veka håpar eg å ha lagt ut det meste. Dei som vil kan få filene til bildene tilsendt på e-post, eller eg kan bestille papirbilder, eg har og teke ein video i kyrkja så dei som vil kan få. Ta kontakt med Astrid Martinsen e-post astrid.martinsen@gmail.com tlf 41264043 adr Bringebakkane 19 8672 Luster

torsdag 29. april 2010

KONFIRMASJONSTREFF 15-16 MAI 2010
  • Laurdag 15 mai
  • Kl 11,00 Oppmøte på Lustrabui
Blåtur: Den er lagt opp slik att alle kan vera med,både dei spreke og dei mindre spreke
  • Kl 14,00 (ca) retur
  • Kl 18,00 Festmiddag på Lustrabui
Meny: Fåresteik (steikt i steinomn) m/tilbehør Kaffi og iskake Litt seinare på kvelden: Kaffi og kaker Vatn til maten, men Tordis har både øl og vinrett så det er høve til å kjøpa anna drikke Utpå kvelden blir det og litt lokal underholdning.
  • Søndag 16 mai
  • Høgmesse i Dale kyrkje
  • Fotografering (Flest mulig stiller i bunad)
  • Kyrkjekaffi på Lustrabui